Litt strikka og litt sydd

Det er stadig vekk krabaten i magen som blir tilgodesett med alt av mammas håndarbeidstid. Nesten iallefall. Har på gang ei Waldorfdukke saman med mellomsta, men den får vi vise fram når den har fått fjes og hår – om vi (les: eg) får det til.

Denne buksa er strikka i str. 0-1 år etter mønster frå Nøstebarn. Til heimreisa frå føden kanskje?

 

Eg driv og strikkar sokkar som skal vere til og kanskje klarar eg til og med ei eller anna slags jakke før mars.

Sokkane kan du sjå her i strikkekorga mi. Det er tube-/spiralsokkar uten hæl. Mulig dei blir litt for store til ein nyfødd, men eg skulle vel klare å finne andre ting å ha på føttene til den lille om så er… Det andre som ligg i korga for tida er eit ullteppe i babyull. Eg har strikka fire slike før i år og dette blir altså det femte, påbegynte iallefall. Å få det ferdig i 2009 kan eg berre gløyme. Eg strikkar teppet av 300 gram garn så det blir stort og godt. Strikka frå hjørne til hjørne.

Her er dei fire andre teppa eg har strikka i år. Dei to øverste er fast med i senga til minsten medan jentene sine slenger litt meir rundt.

I går sydde eg denne «veksebodyen» etter mønster frå Ottobre 1/2004. Halsen henta eg frå ein annan body då eg ville ha konvolutthals. Er litt spent på korleis den er i størrelsen. Har satt inn tre sett med knappar slik at den kan regulerast etter som babyen veks.

Stoffet har eg kjøpt på nett ein eller annan plass. Frå USA trur eg. Ribben på ermene er frå Stoff og Stil. Eg kjem nok ikkje til å sy fleire slike før eg har fått prøvd den ut. Lyseblått skal kunne passe til både gut og jente sidan vi ikkje veit kjønn på babyen i magen.

3 thoughts on “Litt strikka og litt sydd”

  1. Så mange flotte ting babyen din får. Bodyen ser så lur ut, regulering er tingen til de små som vokser så fort. Teppene er jo bare skjønne, har noen store unger her hjemme som ønsker seg slike. Tror nok at spiralsokkene passer den lille bare de ikke er alt for vide. Gjør jo ingenting om de når helt opp på lårene… Ønsker deg og dine et fantastisk fint nyttår!

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.