Sjå ho syr igjen!!

Blogging har ikkje blitt prioritert frå meg på lang tid, og det har heller ikkje blitt sydd så mykje her heime. No ser det imidlertid ut som om inspirasjonen er på plass igjen. I mars (kanskje april) blir vi seks i familien og den lille må jo få litt heimesydd. Når eg så syr til ein liten baby som ikkje ein gang er fødd, blir det til at dei tre som skal få ein lillebror eller ei lillesøster òg må få eit og anna plagget.

Buksa er sydd til eldstejenta frå mønster i Ottobre design nr. 4/2006. Modell nr. 37 i størrelse 140. Eg har ikkje fått henne til å prøve den enno, men eg håpar den passar. Modellen skulle syast i «fritidstyg», men eg sydde den i dongeri med jerseykantar. Håpar den er god å ha på. Litt kjedelige fargar, men så kanskje ikkje «alt» av flekkar visar på den heller. Eg starta på denne i god tid til skulestart, men har ikkje brukt tid på den før no. Når ein så først kjem i gang tar det plutselig ikkje så lang tid å få det ferdig.

syrigjen

Pysjamasen/sparkedrakta uten fot er sydd etter mønster frå det nyaste Ottobre design, 6/2009. Modell nr. 3. Størrelsen er 62 sidan mine barn sjeldan har brukt mindre tøy enn det. Den har konvoluttopning i halsen og trykknappar i skrittet. Gledar meg alt til å sy meir til den lille krabaten som eg alt kan kjenne røre på seg innimellom. Lurer på å la modell 4. i samme blad bli neste prosjekt. Ei selebukse med vide bein. Evt. sy den i velour med ribb nede og i minste størrelse.

Sidan vi ikkje veit kva kjønn babyen er merkar eg at eg blir litt opphengt i at det skal vere kjønnsnøytrale fargar. Ikkje slik at det ikkje blir raude eller blå plagg, men jammen har eg mykje veldig rosa og «jentete» stoffer liggande. Kanskje eg må prøve å bytte til meg litt meir nøytrale stoff…

8 thoughts on “Sjå ho syr igjen!!”

  1. Så moro Ohelene! Gratulerer!
    Vi har ikke visst kjønnet på noen av våre tre barn før fødsel, og syntes særlig med sistemann at det var vanskelig å finne noe kjønnsnøytralt i butikkene.
    Ha en god helg!

  2. Gratulerer med de lykkelige omstendighetene! Kjempefin liten sparkedrakt til den kommende lillesøster eller lillebror. Likte godt buksen til storesøster også. Den ser deilig ut å ha på….

  3. Det er jammen mye de vokser på ti år – og tenk at eldstejenta sin «drakt» bare er buksedelen..

    Håper på å få se mer til deg her i bloggen fremover også!

Legg att eit svar til Elisabeth Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.