Vel blåst!

Så var feiringa av dagen over for vår del. Barnetog – is – leikar – pølser og ein liten opptreden i folketoget ved fløytemusikanten vår. Fløyta vart ordna av korpsdirigenten heldigvis! Med avspeling av MGP-opptak midt på dagen (sidan ingen av oss såg det i går) vart dagen ikkje så aller verst. Og beviset på at vi ikkje berre har slitt sofaen er her:  Første grønskeflekken som kom til og med før avreise heimefrå.

groentkne

Her er fire av fem i familien på skuleplassen etter barnetoget. Minsten har ikkje fått noko heimesydd til 17. mai i år, men «vikingkjolen har eg som kjent sydd, minsta sin kjole sydde eg i april i fjor og ytterst på benken sit eldsta med sommarfuglskjørtet eg vart ferdig med i går.

17familie

6 thoughts on “Vel blåst!”

  1. Så fin! Fikk du mange kommentarer, eller? Og vikinginspirert til alle neste år..? Jeg tror jaggu jeg skal jobbe for å passe inn i bunaden igjen neste år.

Legg att eit svar til Anlen Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.