Og vinnaren av ei Silhouette Mint stempelmaskin var…

…meg!! På sjølvaste julafta vann eg ei Silhouette Mint stempelmaskin når Vinylhobby lodda ut ei maskin. Loddet fekk man ved ein liten «laik» og ein kommentar på posten deira på Facebook. Og vinnaren vart altså meg! Eg må innrømme at eg fekk litt kalde føter først. Stempel? Eg? Kva er det eg har sagt at eg har lyst på no då? Men all tvil til side. Eg pakka den opp, leste bloggar og anmeldelsar og eg lasta ned programmet som den brukar: Mint Studio.

Eska inneheld maskina, litt blekk og to stempelark. Eg fekk med ekstra blekk og to ekstra ark til stempel frå Vinylhobby så eg kunne teste litt! Ikkje verst!

Bak der ser du min kjære Silhouette Cameo. Sjølv om den heller ikkje er så grådig stor er Mint bitteliten med sine 6 x 12 x 8 cm – sånn ca.

Silhouette Mint lagar stempel for innfarging. Altså at man ikkje brukar stempelputer, men fyller på med flytande alkoholbasert blekk som trekker inn i sjølve stempelet. Man kan lage stempel med mange fargar, men fargane bør ikkje gå over i kvarandre, for då kan blekket blande seg. Litt tjukkelse på linjene er òg anbefalt ser eg.

Mint Studio brukar sitt eige filformat .mint, men kan opne bilder og kan òg opne .studio filer. Dvs at design du har kjøpt eller laga i Silhouette Studio kan brukast som dei er eller som element i stempeldesign.

Du kan òg på same måten som i Silhouette Studio bruke alle fontar du har installert på datamaskina di. Mint Studio har ein del kjekke funksjonar som Silhouette Studio ikkje har, som automatisk tracing av bilder etter forhandsinnstilte verdiar og automatiske funksjonar for tekst til sti.

Ein bakdel med denne maskina alt er at arka den brukar til å lage stempel av er rimeleg dyre her i Norge. Å få kjøpt dei frå Amerika eller UK er heller ikkje nødvendigvis billegare når frakt og slikt kjem i tillegg. Men når det er sagt kan man lage stempel akkurat slik man vil ha dei og på veldig kort tid.

Kvart stempel kjem med eit stempelmateriale montert på eit pappark (svart firkant med papp rundt). Det er heile denne som man sender gjennom Mint-en. I tillegg er det med ein plastkloss som man limer stempelet på, og lokk til dette. Det fylgjer òg med klistermerker som man kan stemple på og klistre på på lokket slik at man ser kva stempel man har i neven.

Man kan kjøpe stempelmaterialet med eller uten trekloss til å sette stempelet på. Denne treng man berre ein i kvar størrelse for stempelet kan man enkelt montere av og på klossen. Treklossen gjer stempelet litt meir håndterleg, men det er heilt ok å bruke stempel òg uten desse.

Stempeldesignet lagar man altså i programmet Mint Studio og når man har kobla til maskinao g trykt på start er det berre å sende stempelmaterialet gjennom maskina. Stempelet går gjennom på under eit halvt minutt! Programmet spegelvender sjølv designet så dette treng man ikkje tenke på.

Når man har «skrive ut» stempelet river man dette av frå papparket det sit på og fjernar lokket og beskyttelsesarket over limen på plastklossen og limer stempelet direkte på denne.


Eg har oftast latt plasten sitte på til etter at eg har limt stempelet på plastklossen.

Så er det berre å fylle på stempelet med flytande medfylgjande blekk i den fargen man ynksjer. Her har eg fyrst eit einsfarga stempel som eg brukar svart blekk til.


Og eitt med to fargar:

La blekket trekke inn i ca 10 minutt før du stemplar av det overskytande blekket til du har eit klart og fint stempelavtrykk.



Og her med ferdige stempel på klistremerkene.

Eg har ikkje bestemt meg for om eg kjem til å behalde denne maskina, for sjølv om den lagar flotte og raske stempel blir den litt for mykje i «kjekt og ha» kategorien for min del. Klart man kan lage stempel til andre på bestilling, eller flotte seg med signaturstempel t.d. men eg vil tru at denne er mest for dei som stadig har behov for å bestille personleg tilpassa stempel. Kanskje eg skal la maskina gå vidare til andre…

 

1 thought on “Og vinnaren av ei Silhouette Mint stempelmaskin var…”

  1. Så artig å sjå! Denne var ny for meg. Eg elskar stempel, og saknar å kunne lage mine eigne. Lite stempel å finne på nynorsk diverre. Kanskje det må bli ei slik maskin?

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.