Bukser til minstejenta.

Minstejenta mi vil ho alltid vere sjølv om ho er ikkje så lita lengre. Buksa er sydd etter mønster frå Ottobre nummer 1/2009 og i størrelse 128. Eg la på litt ekstra i beinlengde på den rosa buksa sidan den skulle ha strikk nede.

bukser

Buksene er begge i velour frå MG-tyger og  den rosa ribben er òg derifrå. Den raude ribben hugsar eg ikkje kor eg har kjøpt. Lurer på om det var med i ein «forundringspakke» frå SGS ein gang i tida. Eg hadde tenkt å bruke den raude ribben nederst på buksebeina på buksa, men den var rett og slett for lite elastisk. Eg har brukt strikk inne i linninga på begge buksene, men altså strikk berre nederst på den rosa.

Det var altså to av tre – ho vil eigentleg ha ei tredje bukse som skal vere BÅDE raud og rosa. Vi får sjå.

3 thoughts on “Bukser til minstejenta.”

  1. Fine bukser, jeg har vurdert den modellen jeg også – jeg har bare ikke kommet så langt enda. Jeg holder med henne i at hun må få en rød og rosa også!

Legg att eit svar til hobbymegher Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.