Applikasjon – Applique

I går og i dag har eg vore til saman 12 timar på kurs med Luster Quiltelag. Kurset eg meldte meg på hadde tema – Bli kjent med symaskina di - applikasjon m.m. Lærar på kurset var Patricia Iden som har 50 års erfaring som aktivitør og er ein ekte tekstilkunstnar. At første dagen gjekk med til teori og innføring var først litt nedtur (når vi såg deltakarane på dei andre kursa suse avgårde i rettsøm og sikksakk) men andre dag fekk iallefall eg merke at eg hadde lært ein heil masse første dag. Og eg trur eg aldri så lite hekta på maskinapplikasjon. Tenk om ein ein dag kan bli så flink som ho er! *drøymer* 

Løparen eg skal lage fekk vi sjå modellen til, og her er så langt som eg er komen. Det er ei blåveis- og kvitveiseng. Utenfor skal det vere tittekant og ei ramme. Modellen var 80 cm lang, men min skal bli ca 155cm (kjøkenbordet vårt er 240cm). Løparen skal ha blå- og kvitveisar i begge endar. På bildet er ikkje meir enn dei fyrste blada sydd fast, og det manglar både dekorsaumar, kvitveisar og nokre gule blomar. 

I have attended a course in applique and quilting this weekend – a course with quite a great deal theory (and I learnt a whole lot!). I hope to make somthing useful of what I started on – even though trying to match the teacher (with 50 years experience) is madness. The tablecloth is going to be about 155cm long. This is just one of the ends (40 cm wide). There are decaration in the ends only. The pattern and model is made by Patricia Iden.

1 thought on “Applikasjon – Applique”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.