Vi gjer eit nytt forsøk på å lage ringblomstkrem.

Forsøket med å lage ringblomstkrem i fjor vart ikkje spesielt vellukka. Det kan vere mange grunnar til det. Den mest sannsynlege er at vi (eg) ikkje fulgte oppskrifta spesielt nøye. No har vi plukka inn blader og tørka; det gløymde vi (eg) i fjor. I dag blanda vi 1 dl tørka ringblomstblad med 2,5 dl olivenolje.

No skal dei ligge i olje – lyst – i 5-6 veker;  litt kortare tid enn minstemann skal ha gips på foten…

Her skal den stå og godgjere seg i karmen på kjøkenglaser. Den passar godt mellom minstemann sin «storsteinsamling», fjorårets samling av lommerusk og minstejenta si flaske med ekstra fine små steinar.

8 thoughts on “Vi gjer eit nytt forsøk på å lage ringblomstkrem.”

Legg att eit svar til annesan Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.