Påskemoro!

Påske betyr for meg som for mange snø og sol. Når sola manglar så er det kjekt å kose seg inne med mellom anna symaskina. I dag har eg laga ferdig ein genser til mellomsøster. I to ulike typar jersey denne gangen. Burde brukt lysare tråd oppe i halslinninga, men det får så være. Eg brukte litt av eit band eg nett har kjøpt i hus som ein liten pynt nede på gensaren.

genserk

 

Ei veske laga av ein medlem på eit forum eg er på, inspirerte meg med navnet sitt til å fullføre ei veske. Eg begynte på denne for lenge sidan. Den er laga mest for moro, men den går an å bruke og materiala er sjokoladepapir og plast. Naboen har gitt meg nokre sjokoladepapir for å hjelpe meg med å få nok, men eg hadde nok klart meg fint sjølv. Den er ca 25x 20 cm stor.

sjokoveske paaskesjoko

Eg har òg laga eit par med pelstøfler igjen. Lenge sidan sist no. Den nye maskina mi likte tydeligvis ikkje å sy i pels, den nekta nemlig heile tida å hente opp undertråden. Håpar ikkje mottakar studerer tøflene for inngåande inni. Eg får prøve med ei anna maskin eg har i huset og sjå om den må dedikerast til pelssøm. Søte vart dei iallefall, og sjølv om eg har fått litt nok av snø no er det eit greitt underlag for fotografering.

jentesko

 

10 thoughts on “Påskemoro!”

  1. Så fin genseren ble.. Synes du det gikk greit å sy i jerseyen? Jeg har samme stoffet, og har hitil bare kantet en fleecejakke med det. Syntes det krøllet seg og dro seg mye under syingen, men jeg må vel bare venne meg til hvordan det oppfører seg. Og sjokoladepapirvesken ble tøff! Ha en fortsatt god påske!

  2. Kanonfin træja! Skulle inte våga att ge mig på att massproducera chokladväskan däremot. Risken är att det skulle sätta sig kring midjan. *LOL*

    //Kaja

  3. Den sjokoladevesken var knallmorsom! Skulle ønske jeg kunne være like kreativ. Du myldrer rett og slett over av gode idéer du! :-) Kjempefine klær syr du også – barna dine er heldige ;-)

Legg att eit svar til Kaja Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.