10 mar

Applikasjon – framgangsmåte steg for steg.

Eg har ikkje funne noko god steg for steg skildring på maskinapplikasjon på Internet, så då laga eg like godt ein sjølv.

Finn ein figur du vil bruke eller tegn ein sjølv. Eg valgte ein katt frå eit mønsterark frå Panduro. Tegn av mønsteret på vliesofix. Vliesofix er forresten berre ein produsent sitt navn på produktet så det er ikkje sikkert det heiter det samme i din sybutikk.
applikere1
Tegn på den ruglete sida om du vil ha applikasjonen samme veg som på mønsteret. Eg syns ikkje det spelte nokon rolle og tegna på den glatte sida der det er lettast å tegne og fekk den spegelvendt.
applikere2
Stryk vliesofixen fast på baksida av tøystykket du skal applikere på. Pass på at du ikkje får lim frå kantane på strykejarnet. Legg evt. eit bakepapir mellom jarnet og arbeidet (eller gjer som meg og rens jarnet innimellom i staden). Klipp ut etter strekane.
applikere3
Riv av papiret frå tøystykket. Viss du syns det er vanskelig å få av papiret kan du rett og slett rive det forsiktig i kanten. Tøyet vil ikkje ta skade av dette, og papiret blir lett å få tak i.

applikere4
Stryk tøybiten fast der du vil applikere den på. Sy fast for hand eller med maskin.

Eg brukar maskinsaum der eg kan ;) Ulike maskiner har ulike applikasjonssting, men sikksakk har dei aller fleste. Eg brukte denne katten til å teste ut stinga på den nye maskina mi. Ikkje heilt likt den eg hadde frå før så det var kjekt å teste ut litt. Ulik stinglengde og stingbreidde vil gi ulike uttrykk. Har du kneløftar på maskina er det lurt å hente denne fram, samt å stille maskina på å stanse med nåla i senka posisjon.
applikere5
«Panneluggen» på katten er av vanlig sikksakk, men på sidene er det knapphulls-/applikasjonssting.
applikere6
Sy sammen produktet til slutt. I mitt tilfelle ein liten gavepose til ei lita jente.

 applikere7

18 thoughts on “Applikasjon – framgangsmåte steg for steg.

  1. Tusen takk! Jeg «sluker» alt som har med forklaringer på syprosjekter, og håper at jeg med trening skal klare å lage litt spennende ting. Ha en fin uke.

  2. Utruleg kjekt at du vil dele på bloggen din med andre framgangsmåten for dette. Eg har funne mange figurar eg vil applikere, men har kvidd meg til å prøve meg fram og kanskje øydeleggje alt. No slepp eg det. Tusen takk!

  3. Eg kopierte likegodt denne linken også eg!
    Den ligg no ute på it’s learning på ein ungdomsskule i Bærum! Tusen takk skal du ha for at du har teke deg tid til å legge ut desse fine billedbeskrivelsane! :)
    Mvh Lena.

  4. Pingback: Ikke pakke til liten, men pakke til stor, pakke til mor « intrikat

  5. Takk for dette innlegget, hadde så lyst å ta fram symaskinen, men klarte ikje huska ka eg lærte på «bli-kjent-med-symaskinen-din»-kurset :-) dette va veldig nyttig! Koselig motiv og! :-)

  6. Pingback: Å skjære i stoff med Silhouette Cameo – ohelene syr +

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *