Dottete og ullent.

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Dottete og ullent.

Nei, det er ikkje oppe i hodet mitt det ser eller kjennest dottete og ullent ut (sjølv om det kan gjere det til tider). Når eg skulle hente seksåringen vår i barnehagen i dag var sålen på tøflene hennar gått opp, igjen, etter at vi limte dei for berre kort tid sidan. Vel – eg spurte om ikkje ho denne gangen ville prøve med eit nytt par; heimelaga denne gangen. Ho skulle til og med få velge fargar sjølv. Jenta var lett å lede.

Heime brukte vi litt tid i skinnhaugen og landa ned på raudt som grunnfarge, brunt skinn med kvit pels i sålen og «mangefarga» dekorasjon. Mor kom med forslag først om «malingsklattar» men fekk ikkje dette heilt til i farten (må ta opp igjen den idèen seinare), men når eg strødde over tøflene med rundingar vart jenta godt fornøgd. Fargerike og spreke – og forhåpentlegvis meir haldbare enn kjøpetøflene.  Skinnet som tøflene står på er det samme som er i sålen.

dotted

 

Eg har òg fått sydd ferdig ein Mei Tai som har vore påbegynt lenge. Den er laga av sandfarga kraftig lin og eit tunnt bomullsstoff til dekor. Det er asiatiske tegn både på broderisida og på dekorstoffet.

oppjoy08

 

5 Responses

  1. LindaN sa:

    Så fine tøfler – artig for henne å ha vært med å bestemme selv, må vite :-)

  2. Merete sa:

    Flotte tøfler, som vanlig. Kjempefine farger i sammen. Og nydelig stoff til meitai!

  3. Elisabeth sa:

    Spreke tøfler, synes de var morsomme. Helt sikkert lette å kjenne igjen også, og det er viktig :) Liker stilen på Mei Taien du holder på med, du er så flink med motiver og farger også! Ha en riktig flott helg ;)

  4. Lise sa:

    Direkte rålekre tøfler! Ungene mine har gitt tøflene dine de beste skussmål – eldstemann gikk dem sogar i stykker (han er en «sliter»).

  5. Heidi sa:

    Artig å få bestemme sjøl hvordan de skal se ut. Kjempefine ble de!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *