Hello Kitty – Framgangsmåte på pennal med runde endar.

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Hello Kitty – Framgangsmåte på pennal med runde endar.

kittyclose

Utgangspunktet for dette pennalet er den «bløte syboksen» i innlegget under og eit glidelås frå ei kassert jakke.

kittyzip

Eg gir deg mine mål og framgangsmåten til dette pennalet – neste gang kjem eg til å lage det litt romsligare, men her er altså dei måla eg brukte:
Klipp ytterstoff, vatt og innerstoff 25×23 cm og to kvadrat på 9×9 cm. Klipp to remser på 23 x 4 cm til kanting ved glidelåsen og ei remse på 23×6 cm til band. Du treng eit glidelås på minst 30 cm.
pennal1

Start med å sy sammen dei store firkantane vrange mot vrange med vatten mellom. Sy med frihandsquilting eller rette linjer tett i tett over det heile. Eg broderte på eit lite mønster av Hello Kitty før eg begynte med quiltinga.

pennal2

Klipp reint til 23×19 cm.
pennal3
Sy på remsene på langsidene.
pennal4
Press ut sømmen og brett over og fram på rettsida slik at det blir ein kant på ca 1,5 cm.
pennal5
Sy kanten fast med ein søm heilt ytterst.

Sy glidelåsen fast med ein søm heilt i kanten av glidelåsen og ein midt mellom dei to sømmane som no er på kanten. Opne glidelåsen og sy fast på samme måte på andre sida. Du har no ein sylinder.
pennal6
Dra glidaren på glidelåsen midt på sylindaren. Sy tvers over glidelåsen i endane og klipp av det overflødige. Sy ein sikksakksøm rundt sylindaren i begge endar.
pennal7
Quilt dei to firkantane (vrangside mot vrangside med vatt mellom). Klipp reint sirklar med ein diameter på ca 7,5 cm. Diameteren reknar du ut ved å måle omkretsen på sylindaren og dele på 3,14 (pi). Legg så til ca ein cm for totalt sømrom.
pennal8
Sy eit band av ei remse på 6×20 cm eller bruk eit ferdig band. Sy bandet fast over glidelåsen i kvar ende som vist på bildet.
pennal9
Pass på at glidelåsen er godt open. Nåle fast sirklane i kvar sin ende.
pennalbotn
Sy rundt med ein søm ca 0,5 cm inne på sirkelen. Sy evt. ein ekstra søm tvers over ved glidelåsen for å forsterke. Dette gjer pennalet litt flatare i overkant. Kast over med sikksakk eller kant med skråband om du vil dekke sårkanten heilt.
pennalende
Vreng pennalet og du er ferdig.
kittypennal

15 Responses

  1. Du er genial du Ohelene! Virkelig en inspirasjonskilde for meg. Penalet ble «råknæsjt»

  2. SYGLAD sa:

    Lille engel du er en knupp. Så fint med denne da:-)

  3. Marita BK sa:

    Det var en kjempeflott tutorial!

  4. rutha sa:

    Herlig mønster og fine farver. Tror nok jeg kommer til og sy i prinsesse stoffet jeg har kjøpt til de små prinsessene i familien. Takk for at du deler dette med andre.
    Klem

  5. Yvonne sa:

    Wow – det er alltid noe nytt og spennende jeg har lyst til å sy på siden din. Tusen takk for at du tar deg tid til å dele dette med oss andre.

  6. Virtuella sa:

    Hei,
    digger tutorialene dine.
    God helg!

  7. Lise sa:

    Flott pennal og flott tutorial!

  8. Tora sa:

    Du er så raus som deler alle disse mønstrene med oss andre! Tusen takk! En pris er tildelt deg i bloggen min, ta den om du vil :-)

  9. Bente B sa:

    Herlig!!!!! Tusen hjertelig takk! Denne må prøves!

  10. -elin- sa:

    Så genialt, og så fint !
    Tusen takk for inspirasjon. Denne må jeg nok prøve.
    (med fotballstoff=)

  11. Liv Irene sa:

    Så snill du er, tusen takk :)

  12. Anita sa:

    For et flott pennal du har laget. Nå har jeg benyttet meg av mønsteret ditt og laget mitt eget pennal. Kjempe kjekt. Tusen takk for inspirasjonen!

  13. Julie sa:

    Denne oppskriften skal jeg prøve morgen! :)
    Har du noen tips til mål jeg kan bruke for å lage et romsligere pennal? :)

  14. Anonym sa:

    Super smart!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *