Kreativitet eller kaos (eller litt av begge deler kanskje)?

Slik ser det ut attmed symaskina mi i dag:

kaos

Eg har jobba litt vidare med ein plan eg har for eit fottøy for babyar som ikkje enno går (evt. for større barn med tilpasningar). Eit fottøy som skal kunne sys relativt enkelt, vere lett å ta på, ikkje ha for mange detaljer, sitte godt på uten å stramme for mykje og sist men ikkje minst vere varme. Modellane som er klare til utprøving er i fleece og eit vindtett stoff. Eg har testbrukar til det største paret og ventar på svar om eg har ein testar av det minste.

sokkar

Alle fire sokkane er med ulike strammingar/strikkpatentar. Håpar å få gode tilbakemeldingar om kva som er best. Eg har ikkje lagt ned arbeid med å pynte sokkane sidan eg ikkje ein gang veit om det er slik dei kjem til å sjå ut til slutt. Eg kjem kanskje til å legge mønsteret tilgjengeleg når eg har fått dei ferdige – dvs. om dei er brukandes…

3 thoughts on “Kreativitet eller kaos (eller litt av begge deler kanskje)?”

  1. Kreativtkaos høyres bra ut,
    tenkjer det blir bra,lykke til.
    Gler meg til å følgje med deg i år òg,
    kjekt med litt inspirasjon,kanskje det snart blir symaskin på meg òg

    Godt nytt år.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.