25 mm rain last 24 hours

Det regnar kraftig for tida. Og det har såvidt vore vinter. Regnmålaren er ikkje alltid å lite på sidan eigaren (eldstejenta på 7) ikkje tømmer den kvar dag, men det har iallefall vore både regn og kaldt siste dagane viss ein skal dømme etter isklumpen frå regnmålaren.

25mm

Ungane nådde til og med å bygge ein liten snømann før snøen forsvann igjen. Iallefall nesten.

kalle

Eg har strikka hals til minstemann (trudde eg) siste dagane. Berre synd han ikkje ein gang ville prøve den på. Ja, ja så får det bli julegave eller noko. Oppskrifta er frå boka «Strikk til Nøstebarn.» Eg må innrømme at eg synda litt mot boka sitt utgangspunkt (ubehandla garn) og strikka den i restar av superwash av ulike typar. Neste hals blir i blå Juvel Multi og fell forhåpentlegvis bedre i smak hos den blå guten min.

halsen

The autumn has been both cold and wet the last week.

The neckwarmer is knitted from a pattern from the Norwegian book «Strikk til nøstebarn» The idea behind the book is to use wool and the superwash kind; but I hade some leftovers to get rid of…

4 thoughts on “25 mm rain last 24 hours”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.