Siste septemberdag

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Siste septemberdag

margeritter

September er straks slutt og hausten er definitivt her. Margerittane blomstrar likevel fortsatt sammen med gladioler, ein og annan anemone, ringblomster og solsikker.

I dag var ungane og eg på fotosafari for å prøve å fange hausten, men enda opp i skogen under huset der gøymespel, huske og trehytta var meir spennande enn fotografering.

ute

Naken jomfru står blomstrande i bedet (sammen med ugras – luking har ikkje vore prioritert i den kalde sommaren/hausten).

nakenjomfru

I glaskarmen på kjøkenet ligg tomater som er redda frå frostnatta. Dei forsvinner etter kvart som dei blir modne, men er flotte å sjå på òg i mellomtida.

tomater

One Response

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *