Oktoberstille – i bloggen

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Oktoberstille – i bloggen

Når eg ser gjennom bilder på maskina mi og innlegg i bloggen er hausten ofte ei stille tid. Tilsynelatande. Det betyr for min del berre at det skjer mykje i RL i familien. Korps, 4H, musikkskule, allidrett, fotball, turn og klatring er noko av det som ungane er med på i haust. Og vi køyrer. Til og frå. Bringer og hentar.

Handarbeidsfronten avspeglar litt av dette. Ei av jentene har form og fantasi i 4Hoppgåve så då har ein del tid på syrommet blitt brukt til hennar prosjekter. Ho har mellom anna designa og klipt ut lappar til ei dongeriveske. Ho sydde sjølv bitane sammen til sidestykker og så monterte eg veska og sydde på hank. Ho fekk sjølv klippe opp alle kantar på veska før den fekk ein runde i vaskemaskin og tørketrommel. Stilig, ikkje sant?

Vegglommer til det nye rommet hennar har vi òg laga. Her sydde nok eg det meste, men det var ho som bestemte korleis det skulle sjå ut.

Lommene er frå ulike bukser som er kasserte og sjølve framstykket er deler frå to ulike buksebein frå to ulike bukser. Eg har ein heil kasse med dongerirestar så det var godt å få brukt litt av dette til desse to prosjekta. Bakstykket er einsfarga brun bomullslerret. Eg sydde på eit stykke med platevatt for å få det litt stivt.

På sundag er det haustfest og produkta frå årets oppgåve skal stillast ut. Midtimellomjenta har ballett som si oppgåve og stiller mest ut bilder. På festen skal ho danse (ikkje akkurat ballett men…) med ei vennine i heimesydd kostyme. Muligens både bukse og topp dersom mora får satt seg ned og sydd ferdig toppane. Elles får det bli heimesydde bukser og svarte t-skjorter frå Cubus ;)

6 Responses

  1. lise sa:

    Finfin veske – og fantastisk med vegglommene. Her kommer jeg til å herme, det er hundre prosent sikkert. En kasse med dongeri har visst jeg også.. Kan det være noe i vestlandsluften..?

  2. annesan sa:

    Så flott!
    Genial gjenbruk av dongeri. Her i vest(?)-Trøndelag *kremt* så er det også en kasse (eller kiste?) med gamle dongeribukser. Finner du ideene i prosjektheftet?

    • ohelene sa:

      Veska er med inspirasjon frå ein teknikk i eit hefte som eg heiter «Trylleri med dongeri» av Kari W. Melsom. Vegglommene vart slik berre fordi ho ville ha dei slik, så det er vel ein slags ohelene+dotter design. I 4H-heftet var det meir slik flette korg, maling, snekring, veving og lignande. «Teknikkar bygd på gamle tradisjonar» er vel skildringa utanpå heftet.

  3. Nina sa:

    Så flinke jenter du har, og så glad jeg er for at du fremdeles har bloggen din og aksepterer (som de fleste av oss) at blogging er ett overskuddsfenomen – må taes når en har overskudd :-)

    Angående boken til Kari Melsom, jeg har også den og overraskelsen var stor da jeg troppet opp på sykurs denne høsten i regi av husflidslaget (med Andre Wallenborg), og hun var med som deltager. En veldig, veldig hyggelig dame!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *