Gjenbruk og langbruk

Langbruk er gjerne ikkje eit ordentleg ord, men eg prøvde berre å finne eit ord for å bruke noko lenge. Vetlesysta har begynt i barnehagen og eg har kjøpt ein todelt overtrekksdress til henne til litt å ha når det regntøy eller parkdress blir for tjukt eller for tett. Eg likar ikkje å kjøpe tøyet berre akkurat passe stort, men det er heller ikkje så moro å gå i for store plagg, men med akkurat desse to plagga hadde eg ein plan for korleis eg kunne unngå dette.

Buksa har eg stramma strikken nede på nok til at den held seg oppe over skoa. Jakka måtte eg gå litt meir drastisk til verks med. Her bretta eg dobbelt litt av foret og sydde ein saum rundt heile ermet. Eg brukte ein tråd i sterk farge slik at den skal vere lett å plukke vekk når jenta treng lengre ermer. Her har eg tatt bilde når eg har fiksa eine ermet. Ein kan skimte legget såvidt på bildet.

Haust og skulestart er ofte tid for å rydde litt i klede. Med fire ungar blir det ein del som skal arvast mellom dei ulike ungane, noko som skal lagrast og noko som skal gis bort eller kastast. I haugen med avlagt tøy såg eg meg ut eit velourskjørt som eg har sydd om til ei bukse til vetlesysta. Litt stor enno. Kan tenke meg den er ca str. 86/92. Eg brukte mitt eige mønster.

9 thoughts on “Gjenbruk og langbruk”

  1. Du er altså så smart og hendig med symaskinen! Lurt å gjøre ermene kortere på den måten, jeg hadde ikke kommet på den idèen selv…. Enda smartere var syingen av skinnreim til Tripp Trapp stoler. En kjempeidè som jeg garantert skal huske. Måtte kjøpe ny reim en gang enda jeg både har skinn og symaskin i hus :)

  2. Hei. Jeg er også fan av langbruk. I hvert fall dersom klærne er dyre. Her i huset blir mange av klærne brukt av alle tre brødrene. I tillegg arver vi fra slekt og venner. Det er alltid spennende å se gjennom klærne i posene, som jeg føler er lik forundringspakkene jeg likte som barn.

  3. Jeg likte så godt det uttrykket langbruk – har fire barn selv og føler det er dekkende for hvordan vi prøver å få tøyet til å vare leeenge :-) Får alltid god inspirasjon hos deg – takk for det!
    Siden jeg har hatt en hektisk sensommer og bloggrunde-pause, har jeg et par spm til noen av de siste innlegga dine… Å sy i skinn har jeg ikke noe erfaring med, men har lenge ønska å prøve det. Hva slags maskin bruker du til sånn type søm? Og så har jeg jo sett at handler fra utenlandske nettsteder, blir det mye ekstra med frakt og fortolling til Norge, og hvor lang tid tar det før varene kommer? Skjønner jo at det der varierer fra butikk til butikk, og ulike land altså, men for eksempel den boka – Growing Up Sewing Liberated – den har jeg også kikket på, men turte ikke bestille fordi jeg ikke har no greie på sånt :-) Synes du forresten den tilsvarte forventningene??
    Klem, KristinB

    1. Eg syr i skinn med den vanlige symaskina mi; Janome MC6600Pro. innimellom med ei Husqvarna Daisy dersom det er veldig tjukt – fordi den maskina ikkje er elektronisk og lettare å køyre saaakte gjennom. Før eg fekk Janomemaskina sydde eg alt på Daisyen.
      Det med utenlandshandel er både òg. Innimellom brenner eg meg på det og det blir veldig dyrt med toll og porto osv. Men om ein handlar under 200,- utenom porto blir det billigare. Bøker er tollfritt.
      Boka Growing Up Sew Liberated er nydelig! Eg har eit «lite» sånn bok og mønster-fetisj og samlar både mønsterbøker og mønster. Klarar ikkje heilt å få brukt alt (underdrivelse). Denne har eg rett nok alt sydd eit plagg etter (smekke) og har den fortsatt liggande på klippebordet.
      Paypal er forresten veldig greitt om ein handlar utenlands, men det kjenner du sikkert til.

Legg att eit svar til ohelene Cancel Reply

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.