13 jun

Lag merkelappar med ditt eige design! Design and make your own labels.

 

Eg har fått nokre spørsmål om kor eg har kjøpt merkelappane i t.d. denne veska eller korleis eg har laga dei. Eg har laga dei sjølv og det er veldig enkelt. Her skal du få min framgangsmåte (fins sikkert andre stader på nett òg).

Du treng overføringsark og nokre små restar tøy eller band. Arka får du kjøpt på velassorterte bokhandlar og på ein del andre butikkar som t.d. Clas Ohlson. Les bruksanvisninga på den typen du velger å bruke. Det fins to hovudtypar, for lyst og for mørkt tøy. Eg brukar typen for lyst tøy. Skriv ut så mange merker som du skal ha. Eg pleier å fylle eit ark med små merker når eg fyrst skriv ut, så har eg til fleire ganger eller eg skriver ut ulike typar merke på samme ark slik at eg får utnytta arket. Hugs at det skal vere spegelvendt!

Finn fram eit lite stykke tøy og stryk på merket på tøystykket.

Brett tøystykket slik at merket blir på den eine delen på innsida. Sy sidesømmane og klipp reint inntil (innfelt bilde).

Vreng og press. Hugs mellomlegg sidan merket elles vil smelte og sette seg fast på strykejarnet. Ein enklare måte er å stryke merket direkte på bomullsband eller skråband.

Ferdige merker til bruk på eigne produkter. På samme måte kan du lage “vaskelappar” eller berre dekorative merker til ting du lagar.

Make your own tags or labels!

I have had a few questions about the label in this bag. I make them myself and it it very easy. I think I might have seen similar tutorials like this one somewhere; at least using ribbons. You need iron on transfer sheets and small pieces of fabric. I use the kind of sheets for bright fabrics (there are different kinds). Cut out a small rectangle of fabric and transfer the print by ironing it on. I usually fill the whole sheet with similar or different designs to use the whole sheet (even if I don’t plan on using it all at once).

Fold the fabric in two and stitch the two short sides. Cut clean and cut the edges. Turn right sides out and iron. Rememeber to put something between the iron and the label at this point or else the mark would melt into the iron. An easier way of making a tag is by using cotton ribbons of some kind like the one on my photo.

9 thoughts on “Lag merkelappar med ditt eige design! Design and make your own labels.

  1. Halo,

    Lovely meitais. I wanted to sew one my self, and was lloking for patterns when I saw yours. They are gorgeous!!!!
    What materials do you use for the labels? you print tham in special paper, no? they don’t come out with washing?

    Coool!
    thank you very much,
    All the best,
    Marta

  2. Tusen takk for enkel bildeforklaring!
    Eg skal bruke dette i kunst og håndverk no, og dette var akkurat det eg trengte for å sleppe å lage forklaringa sjølv!
    :) Liker bloggen din… kjem heilt sikkert innom igjen!

  3. Pingback: Korleis lage eigne merkelappar (gjensyn) – ohelene syr +

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *