Hagen i juli

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Hagen i juli

Hagen har fått lide litt under at det har vore «innevêr» i store delar av ferien. Ikkje det at vi har vore berre inne, men å stå og luke eller klippe plen i regnver har ikkje frista så veldig.

Etter nokre soldagar er plenen slått, dei fleste beda er luka og jammen har eg fått flytta nokre planter i år òg. Hostabedet mitt flytta eg i fjor. Før var det langs vegen – ved sida av eit huskestativ. Utsett både for å bli køyrt i av syklar og bilar, og litt i vegen for barnetrakk og -leik. No omkransar det dokkestova som om det aldri skulle gjort anna. Der skal dei få stå til dei kvar for seg og saman blir for store.


Dei lilla blomstene under er så fine. Teflonhjernen min hugsar ikkje kva dei heiter og no er dei snart avblomstra.

Langs gjerdet på nyestykket vårt spirer mange av frøa vi har sådd. Her kjem det ulike typar blomkarse, sommarblomster av ulike slag og til og med nokre solsikker. Dei pleier ikkje bli så høge hos oss – er dei meteren og til og med blomstrar blir vi glade.

Lammeøyra har vi litt ulike plassar i hagen fordi eg har flytta litt på den og så spirer det frå ei rot eller to som ligg igjen her og der. Dei er så fine med sølvglansen sin.

I eit bed under nokre dagliljer står eit ørlite hestekastanje-tre. Der skal det få stå og vekse til eg finn ut kor eg kan plassere det. Om det skal få sjansen til å vekse seg stort må det ha litt luft rundt seg.

 

4 Responses

  1. Eva Mari sa:

    Deilig innsyn i sommerhagen, – her er det mer villniss og skrikende behov for omsorg, men takk og pris er noe av tomta natur og resten får vente til OM det slutter å være sånn sommer som nå…

    Klem fra Eva Mari :)

  2. Nina sa:

    Flotte bilder, Ohelene! Tenkte jeg skulle legge inn en kommentar denne gangen, siden jeg er her jevnlig men ikke kommenterer så ofte som jeg burde.

    Ønsker deg en riktig fin juli-helg og er glad du vil fortsette å blogge!!

    Hilsen Nina

  3. Linda sa:

    Flotte blomstrar, dei lilla er akeleier

  4. Arnhild sa:

    Må bare sei at eg elske bloggen din! Flotte bilder og så masse fint som du lager! Det var faktisk du som inspirerte meg til å starte min egen lille ferske hobbyblogg… Så eg håper at du fortsetter å blogge.

    Hilsen Arnhild

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *