Mi barndoms bygd.

I dag har vi vore ein tur heimom. Til heimen og garden der eg vaks opp sammen med søsken, kattar, kyr, ein og annan grisen og eit par kaniner (som eg mins iallefall overlevde ein heil sommar). På vegen stoppa vi ved det relativt nye fugleobservasjonstårnet. Eit bygg som med sin spennande arkitektur er verdt ein stopp òg uten kikkert for fugleobservasjon.

Det blir sagt at tårnet er tilrettelagt for rullestolbrukarar, men det er berre delvis tilfelle for toppen var sperra av eit stort «vegvesenbord» som eg ikkje kan forstå at det går an å kome forbi rullande. Litt bosplukking hadde òg gjort seg utanfor. Vi får skulde på at turistsesongen ikkje er heilt i gang og håpar at nokon ordnar opp.

Lyset slår inn på ein fantastisk måte i det særeigne bygget.

Frå hagen hennar mor fekk eg med meg ein rotdel av denne planta som eg meinar må vere ein type lungeurt.

2 thoughts on “Mi barndoms bygd.”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.