Kveldstur på «Åsen»

Eg har ein god nabo som innimellom lokkar meg med på trimtur. I går var ein slik kveld og vi rusla heilt opp til enden av grusvegen – til Åsen. Godt å røre på seg og godt å skravle. Er ikkje sikker på om det er tytinga eller trimmen som er beste helsebota med desse turane våre ;)

Når vi snudde for å gå nedatt skein sola gjennom skylaget og dette måtte eg prøve å få fanga med «Cyber-shot’en» min. Altså mobilbilde i beste stil. Har auka lysstyrken litt i dei mørkaste partia av bildet, men elles er det ikkje endra.

No har eg forresten fått ein GPS i hus og gledar meg til å ta med ungane på leiting etter Geocachar. Vi har ikkje hatt for mykje hell med oss på turane våre så langt, men moro har det vore uansett.

3 thoughts on “Kveldstur på «Åsen»”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.