Hagen vaknar til liv, og det blir tettare mellom vårteikna.

På dagen i går kunne eg sjå skilnad på Lungeurten frå om morgonen til om kvelden. Den er så spesiell med blomstene som går frå det nesten raude til det blå på ein og samme blomst. Dette er i signaturlæra tolka som eit tegn på at planta er retta inn mot lungene sidan skiftet frå raudt til blått på blomsten symboliserer skiftingen i blodet.

Syrinane som eg planta i fjor står med bristeferdige knoppar.

På samme plass som dei lilla syrinane er det tydelig lunt og med si sørvendte plassering er blomstene tidleg ute. Joggesko på ungane sine føtter er òg eit fint vårteikn.

Til slutt oppdatering på Steviaen. Den veks og trivest. Det er med ærefrykt eg ser at eg snart må prikle den. Det skal vel gå bra det òg. Håpar på å få ein god del av plantene til å vokse opp – då skal dei få bli med på urte- og staudedagen vår 2. juni.

2 thoughts on “Hagen vaknar til liv, og det blir tettare mellom vårteikna.”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.