Ny linse

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Ny linse

Min kjære har eit Nikon D70 som eg låner når eg skikkelig skal kose meg med fotografering. Orginallinsa som sat på kameraet hadde fått seg ein trøkk og demontering i forsøk på reperasjon resulterte i at den fungerte, men at den var nokså skakk og støvete. Her om dagen bestilte eg difor ei Nikkorlinse 18-200 på Pixmania til nevnte kamera, og no småslest vi om det ;) Han skal få låne det etter kvart, men i dag er det eg som har brukt det – mellom anna ute.

I hagen er det nemleg begynt å blomstre, og sidan plenen er slått (delvis i alle fall) går det til og med an å sjå blomstene. Med solglimta kjem òg lysta til å luke og grave og ikkje minst flytte rundt på planter i hagen.

I dag har mellomstejenta og eg spadd opp eit langt smalt blomsterbed og sådd fleire posar med frø til sommarblomster. Like etter at vi var ferdig gjekk det automatiske vatningsanlegget på (= det begynte å regne igjen). No blir det spennande å sjå kva som spirer og om planen vår om eit frodig bed med masser av ulike blomster i ulike høgder slår til. Vi har sådd solsikker, solhatt, margerittar, ulike asters, papirblomst, ulike blomkarsetypar og ein sommarblomster-blanding.

Kva er det du tar bilder med, og kva likar du best å ta bilder av?

One Response

  1. Siewartz sa:

    Hei! Jeg finner ikke noen mailadresse til deg noe sted her, så jeg skriver her i stedet ;) Jeg lurte på om du ville sende meg mønsteret til de tøyskoene som du har lagt ut beskrivelse på? De var så fine!! :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *