Eg trudde eg hadde sydd ein babykjole.

Eg sydde ein enkel forklekjole med tilhøyrande skaut her om dagen – skautet vart litt for romslig til ein baby kanskje, men kjolen er iallefall passande frå ca 1½år og oppover.

I dag ville eg sjå om femåringen kunne vere modell (rett nok litt morgentrøytt modell) Eg visste kjolen kunne brukast som forkle langt opp i alder og ville tøye strikken litt. Det eg ikkje hadde kalkulert inn var at femåringen kunne komme til å rett og slett ikkje ville ta den av igjen. Så den som reiste i barnehagen med nytt forkle og skaut var henne. Det er henne vel unnt (og eg protesterte ikkje så veldig).

Kjolen er sydd etter eit mønster frå alt om handarbeide frå 1980. Kjolen er veldig enkel å sy og altså genial i utforminga når den kan brukast så lenge som frå ca 18 månader og til og med av ein lang femåring – at den går over frå å vere kjole til forkle undervegs er ingen bakdel. Min erfaring er at ungar ikkje sluttar å søle sjølv om dei ikkje lengre er små nok til å godta smekke.

På dette bildet kjem baksida av kjolen tydelig fram. 

Skautet er laga med strikk bak i staden for knyting. Eg vrangsydde eit stykke tøy som var 20 cm langt og med ein breidde 2 x strikkens breidde + 1½ cm sømrom. Vrengte denne (puh!) og tredde inn strikken. Festa så strikken med ein sikksakksøm i kvar endre og sydde strikkbiten fast til skautet med ein trekant i rettsøm i endane. Eg kan prøve å vise det litt tydligare med bilder om nokon er interessert.

I thougth I made a baby dress,
but when I let my five year old model, she adopted the whole outfit.

The conclution is:
1. Dont let your kids model things you don’t want them to have (or prepare good arguments why other people can buy it instead of letting them have it).
2. The dress fits for an incredible long time. I’ve tried the same dress (similar) on my niece when she was about a year; and even though it turns into an apron on my five year old – it fits!

3 thoughts on “Eg trudde eg hadde sydd ein babykjole.”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.