03 jun

Huer til eittåring

Våren har vore kald og våt og dei to første dagane av juni har vore like eins. «I morgon» kjem nok sommaren, men enn så lenge treng vi både hue og jakke. Vetlesysta mangla ei god hue og eg har lenge tenkt å prøve å sy ei etter modell frå ei god strikkahue, og som tenkt så gjort.

Begge huene er i dobbelt stoff. Den eine er i bambusjersey og den eine med ytterside i bomullsjersey men med bambus innside. Vetlesysta er ca 47 cm rundt hovudet og desse passar perfekt. Passe trur eg forresten dei kjem til å gjere lenge, for det er stoff med god strekk i i begge to. Sydd med 3 trådars overlocksaum og med ein ørliten vendeopning i nakken sydd saman for hand. På den måten har dei ikkje vrangside og kan brukast med begge sider ut. Snorene er i hhv bambus og bomull og uten noko som helst kanting, men jersey raknar lite så eg reknar med dette går heilt fint.

Ja og så fekk eg vist fram vetlesysta òg ;)

9 thoughts on “Huer til eittåring

  1. Superfin! Ønsker veldig et mønster på denne og syforklaring. Har akkurat startet min sykarriere og er ikke flink til å løse slikt selv;) Hadde vært en super lue til min lille:))

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *