Geocaching

funderer, kreerer, knipsar bilder og nyter livet

Geocaching

Vi prøvde oss på ein ny hobby på sundag. Eg har lenge lest på nett om geocaching og visst at det er nokre få boksar her i nærområdet. Det har berre ikkje passa slik at vi har kome oss av garde på leiting før. Ungane har vore villige, men dei siste to åra har vi konsentrert oss om turorientering i staden.

No er sesongen for turorientering enno ikkje i gang (såvidt eg veit) og eg lokka difor med meg dei tre eldste på skattejakt i staden. Litt for seint kom eg på at GPS ikkje var noko vi hadde tilgang til sidan telefonen min er på reperasjon, men vi prøvde likevel. Første post som skulle vere ved flyplassen fann vi ikkje tross iherdig leiting, men vi prøver igjen seinare på denne. Andre plassen vi leita var hintet såpass tydelig at vi kunne gå nesten rett på. Moro for små og store. Vi fann til og med ein såkalla Travel Coin der. Tok den med oss og planla å legge den igjen på neste stad. Bildet er nokså avslørande, men eg reknar med det er greitt å legge det ut her sidan eg ikkje skriver kor det er og sidan det tross alt er nokså tydelige hint i teksten til denne boksen.

Problemet var berre at dei to neste postane vi prøvde å finne var litt for godt gøymt for oss (og her trur eg ikkje vi kan skulde på mangel på GPS heller sidan eg er overbevist om at vi leita på rett stad).

 

Men uansett var det moro å vere på tur og moro å leite, så ungane er bestemte på at dette skal vi prøve på meir. Eg har funne ut at det er ein post ikkje langt frå huset til bestemor og bestefar så den skal vi i alle fall prøve å finne i sommar. Kanskje vi kan lokke med oss dei to søskenbarna der på leitinga. Så får vi prøve å få lagt frå oss denne «reisemynten» så raskt som vi klarar her i nærområdet. Vi har ein post på fjellet her òg, men mynten lurer eg på om vi skal prøve å legge ein annan stad.

Lurer du på kva geocaching er? http://www.gcinfo.no/ http://www.geocaching.com/

One Response

  1. lise sa:

    Flotte bilder og godt initiativ!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *