Prinsippet bak ei veske

I eit innlegg om ei strikkeveske for snart eit år sidan lova eg å vise deg korleis eg laga denne og denne, og denne veska.

Godt eg ikkje sa når eg skulle vise det…

Prinsippet er nokså enkelt. Du bestemmer deg for kor høg, lang og djup du vil ha veska. Desse måla er i grunn alt du treng til  veska. Du treng to langsider og to kortsider av inner- og ytterstoff og  for + ein botn av inner- og ytterstoff og for. I tillegg kjem stoff til hank og lommer og kor mykje stoff som går med kjem sjølvsagt an på kor mange lommer og kor lang stropp. Foret (veskevatt el.l.) klipper du uten sømrom – dvs ca ein cm kortare og smalare enn delane i tøy og det er fordel med t.d. veskevatt som kan strykast fast på innerstoffet.

Dei aller fleste lommene er sydd fast i veska når denne blir sydd sammen (men tråkla fast der dei skal vere fyrst). T.d. om eg vil ha ei lomme på eine kortsida blir den like breid som sidekanten og valgfri høg. Eg syr den fast på sidekanten kun i underkant dersom den ikkje skal nå heilt ned i botn og så blir den festa endelig når vaska blir montert. Ytterlommer og ekstra skilleveggar som deler av veska i eit smalt og eit stort hovudrom har eg laga på samme måten.

Nokre lommer har eg laga av berre eit enkelt stykke av forstoffet. Andre har eg laga med strikk i ein løpegang øverst slik at dei kan romme ein del, igjen andre er laga skjult slik som det blir forklart t.d. på denne sida (kva heiter den teknikken på norsk tru?).

Lokk og stropper syr eg fast når eg syr inner- og ytterdelen sammen (men tråklar først). Eg lar det stå opent i botnen på den skjulte lomma og brukar den som vrengeåpning. Syr veskedelane sammen rett mot rett og vrenger ut gjennom lomma. Syr så gjerne ein stikning øverst på veskekanten og syr igjen hullet inne i lomma for hand.

 

I’m trying to explain how easy these bags are to make – I might even get around to write the explanation in English some day.

3 thoughts on “Prinsippet bak ei veske”

  1. Så fin forklaring! Dette med vrenging av vesker er et helt mysterium. Mange fine detaljer inni den veska.
    Sånne skjulte lommer lærte jeg å lage på skolen (kanskje den eneste finessen jeg lærte der). Vi kalte det passepoilerte lommer eller passepoile-lommer (uttales /pass-poal/).

  2. Veldig fine de veskene og dette var jo bra timet for min del. Jeg skal snart dra fram symaskina for syprosjekter. Listen har begynt å vokse. Jeg starter med ei veske. Kanskje jeg kan spørre deg om litt hjelp hvis jeg «syr meg helt fast»? Ihvertfall har jeg litt problemer med å forstå alle uttrykk og materialer på de engelske oppskriftene. Jeg har ingen erfaring med engelske syoppskrifter.

  3. Fantastisk veske både ut og innvendig! Praktisk med så mange lommer. Fint at du tar deg tid til å vise og forklare!

    Ønsker deg og dine en fin sommer, og håper det ikke regner like mye som på Østlandet om dagen!

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.