Ti år med tøfler

Våre fire barn har alle sammen gått sine første steg (og krabba før det) iført ohelenetøfler. Sidan den eldste blir elleve år til sommaren vil det seie at eg har sydd tøfler i nokså akkurat ti år no. Ikkje like mange kvart år og ikkje så veldig presentable til å begynne med, men moro har det vore heile vegen.

Dei to eldste brukte tøfler i vogn og inne. Når dei begynte å gå ute og gjerne litt før det òg så var det på med sko på føtene. Dvs. støvlar; vi budde tross alt i Bergen ;) men i kjøkenskuffen heldt det lenge med skinntøfler.

Når sonen vår begynte å bevege seg litt meir på bakken ute når han var rundt året, var det vår som no. Sidan han ikkje kunne gå, lot eg han bruke tøflene ute. Om dei vart litt våte så trekte det oftast ikkje gjennom, og uansett kunne/kan tøflene vaskast. Når han var blitt stødig på føtene kjøpte vi sko til han.

No er det nok ei jente her som har krabba rundt i, og gått sine første steg i, ohelenetøfler. Av sko har ho gått litt i nokre nedarva vintersko på tampen av den seine vinteren, men elles er det tøfler som gjeld inne som ute

og litt berre føter.

Sidan tøfler som blir brukt ute naturleg nok blir litt skitne og meir slitt enn dei som ein berre brukar inne så prøver eg at ho har to par til ei kvar tid. Nett no er ho uten innetøfler, noko eg må få ordna opp i ved neste avtale med symaskina. Fintøfler er iallefall på plass (jfr. tidlegare post). Og berre ta det roleg – ho skal få sko før ho begynnar på skulen ;P

1 thought on “Ti år med tøfler”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.