Kulturspiren

Her i  bygda har vi ca annakvar laurdag eit kanonflott opplegg der ungar frå 5-15 år kan vere med på ulike hobbyaktivitetar (yngre barn kan vere med sammen med foreldrene). I dag var det maling, spikking, påskeverkstad, ballongfigurar, «quick knit»Â og drama. Våre to jenter var innom maling, ballongfigurar og påskeverkstad før vi var godt fornøgde.

Kulturspiren har både funne fram til kjekke aktivitetar og ei lur organisering. Ein betalar ein sum for heile dagen og velger aktivitet når ein kjem – så bytter ein kort (som ein har i snor rundt halsen) når ein vil på ny aktivitet. Musikkskulen underheld samtidig og opplegget trekker masser av ungar og ikkje fullt så mange ungdommar. Det er frivillige hjelparar som er med på aktivitetane og som held det heile i gang!

The kids beetween 5 and 15 are free to join «Kulturspiren» every other saturday. They can paint (like our girls did), do quick knitting, have drama lessons, make decorations for easter and a few other activities. Other saturdays there have been dance or jewellerymaking as well. The instructors are all volunteers.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.