Påskegave

Min hemmelige venn på Ringblomst har gått heilt av skaftet og sendt meg den perfekte gava!! I dag ringte det på døra og blomsterbudet stod der med den nydeligaste oppsatsen av gule blomster og kalaer (trur eg; blomsternavn er ikkje mi sterkaste side). Når eg hadde løfta oppsatsen ut på bordet hogg eg tak i det lille kortet som låg ved for å sjå kven dette var frå. Ikkje var det bursdag eller noko (tenkte det kunne vere i høve treårsdagen – men det passa liksom ikkje heilt). Frå din hemmelige venn stod det!

Nede i posen låg det meir. Eit gavekort på masse krontasjer frå hagesenteret! Det skal bli til planter i hagen min til våren. Dvs. trur eg skal bruke det på EI eller TO store planter så eg kan hugse kor det kjem frå. Kanskje eit frukttre. Inntil vidare veit eg ikkje kven det er frå men eg håpar å finne ut kven eg kan takke når det blir tid for avsløringsrunde.

I have recieved a beautiful gift from my secret friend at Ringblomst. Flowers and a gift-card for flowers (from the flourist). I hope to find out who she is so I can thank her properly!

1 thought on “Påskegave”

  1. Så skjønne blomster! Det du viser er krysantemum og nelliker, men om calaene er gjemt lenger bak, vet jeg ikke. Blomster gjør godt i hverdagen – jeg gleder meg til jeg en dag blir voksen med hus og hage. Men – først skal jeg nyte studenttilværelsen i enda en del år.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.