Kva gjer vel eit par-tre år til eller frå

Ja det er størrelsen på Nøtteliten-rulle-gensaren eg snakkar om. Sidan den vart litt vidare enn den skulle sjølv om strikkefastheita på garnet stemte sånn ca, strikka eg den litt lengre i bolen enn i oppskrifta. Og sidan bolen vart så lang så måtte ermene få bli litt lengre dei òg. Og enno litt lengre. Ja, de forstår kor det bærer hen.

Men gensaren ser ut som ein gensar skal. Og den er stor og god og slett ikkje i størrelse to år som i begge oppskriftene eg har brukt. Bedre med for stort enn for lite likevel!

Av og til kan det bli fint sjølv om det ikkje blir som ein har tenkt. Gensaren var ein ting, og bilder er noko anna. I dette tilfellet bilder teke med mobilkameraet på min Cyber-shot.

Eg skulle ta eit bilde av lungeurten som begynnar så smått å blomstre, men kameraet var mykje meir interessert i å fokusere på blada enn på sjølve blomsten. Så då får det bli slik. Ein «blurr» blå blomst. Lungeurten på nordsida av huset er i år den som er først ute i hagen min av staudene. Det er heilt utruleg at den klarar å vere i gang alt med tanke på at det berre for eit  par veker sidan låg ein meter med snø der bedet er. Faktisk var det først i dag eg kunne rake siste kvadratmeteren med plen og det etter å ha lempa siste snøen ut på grusen!!

1 thought on “Kva gjer vel eit par-tre år til eller frå”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.