Zebra, Viking og Ninjago

Den lilla vesten har eg strikka av garn eg hadde igjen etter eg strikka «Thesas Baggy lue» til eldstejenta. Garnet er Viking superwash og mønsteret er Non-stop trøya størrelse 0-2 år. Denne legger eg nok bort til å ha til hausten eller vinteren igjen.

Zebragensaren er strikka av nesten eit nøste med Opal Zebra. Eg brukte masketalet frå Non-stop trøya, men la opp tjue masker mindre framme og la desse opp etterpå ved å legge opp to og to ved kvar vending til eg hadde masketalet eg skulle ha. Halsen vart litt sånn «trappe-aktig» så eg burde muligens lagt opp på ein litt annan måte, men eg fekk iallefall ein litt lavare hals framme slik eg hadde lyst til. Eg har elles strikka ca halve ermene og eit breidt stykke nede på bolen med eit nummer tynnare pinne for å få ein gensar som kan brukast lenge med oppbrett. Pinnar hhv 3,5 og 2,5.

Gensaren er i ca str. 2 år og det står att å feste trådar før den er ferdig. Sjølv om den er meint å passe til to år trur eg nesten vetlesysta kan bruke den alt no. Kalde dagar ser det ut som vi har ei stund til

Prosjekt «bruke opp det eg har» fortset med halv intensitet. Dvs. at eg gir meg sjølv lov til å kjøpe litt materiale så sant eg brukar meir enn eg kjøper. Eg har handla litt stoffer frå Tiljamiid design og Stoff og Stil. Til saman ca 3 meter med stoff (ull, bambus, raud og lilla isoli og eit lyseblått jerseystoff med print). Det eine stoffet er raud isoli som er på god veg til å bli Ninjago-bukse på bestilling frå min kjære son.

I tillegg har eg fått i hus fire buntar garn som eg valgte som del av premien eg vann på nøstebarn sin ullvølkonkurranse. Syrin i fargen og fordelt på to buntar totrådsgarn og to buntar tretråds. Må tenke litt over kva det skal bli til, men litt av det skal eg iallefall ha til noko eg kan bruke sjølv.

1 thought on “Zebra, Viking og Ninjago”

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.