Ein sommarkjole.

Denne kjolen er sydd etter mønster frå Ottobre Design nr. 6/2007. Der er den brukt som underkjole, men eg syns den med mitt val av stoff passar fint som sommarkjole. Den passar til minstejenta vår, men om det blir ho som får den eller som vil bruke den, gjenstår å sjå.

sommarkjole

 

Kappa nede kan du finne igjen på stoffbildet i forrige post.

Når eg er på syrommet, og sidan eg endelig har BÅDE symaskin og broderimaskin (for ikkje å nevne andre maskiner…) broderer eg litt mens eg syr. Eg har ikkje trådstativ på broderimaskina mi, men set spolen i ein kopp ved sida av og så trer eg tråden opp i ein krok som står fast i overskapet før eg trer maskina.

traadstativ

Billig, greitt og funksjonelt! Maskina likar at tråden kjem ned frå litt høgde og verken den liggande spoleholdaren eller den ståande likar eg noko særskilt. No når eg har kroken så høgt kan eg sikkert bruke den ståande spoleholdaren i stadenfor koppen; det må eg prøve neste gang.

6 thoughts on “Ein sommarkjole.”

  1. Så fin den er! Det er virkelig tilfredstillende å skape nytt av gammelt, og heldigvis også i vinden! Gleder meg til loppemarkedsesongen kommer i gang for fullt, regner med jeg kommer hjem med flere godbiter som skal omskapes da ;)

  2. Så fint resultat du fikk av gardina. Jeg ¨har metervis med gardinstoff etter at vi flytta inn i et pent brukt hus før jul – men de er dessverre ikke brukbare til noe, fargene og mønstrene er helt håpløse :-(

  3. Så heldig du er som får sånne fine stoffer. Jeg kommer nesten aldri over slikt, men så har jeg også litt reisevei for å komme meg på loppemarkeder.

Leave a Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.