Ringblomst (Calendula Officinalis)
No blomstrar Ringblomstene som vi har sådd i det gul-oransje bedet. Eg har sådd i to omgangar og er spent på kor lang blomstring vi får. Det er dei fyrste som kjem no. Calendula Officinalis in flower.
No blomstrar Ringblomstene som vi har sådd i det gul-oransje bedet. Eg har sådd i to omgangar og er spent på kor lang blomstring vi får. Det er dei fyrste som kjem no. Calendula Officinalis in flower.
Det er ikkje alltid lett å vere like entusiastisk når dei små troppar opp med sine små skattar som dei vil dele med deg. Små skinande steinar, glasskår som er slipt av bølgene, bitar av skjel eller pinnar. Ofte blir dei vel tatt imot for så å bli lagt til side og til slutt borte …
7 år i dag – eller i kveld som du seier sjølv. Du har fått fortalt at då mamma var utålmodig under fødselen sa jordmor at ho trudde du kom til å nå barnetv. Og det gjorde du. 17.47 vart du fødd på ein strålande solskinnsdag i 2000. Eg er så stolt av deg gode …
Den siste månaden har eg brukt ein del timar i huset der eg vart fødd med å rydde ut. Mammaen min har flytta til eit mindre husvære og huset skal tømmast for salg. Ein av tinga som eg har fått med meg frå huset var ein stor boks med knappar. At nokon klarar å gi …
berre eg og ungane på «storbyferie». Fløybana, Akvariet, Vilvite og fisketorget fekk alle besøk av oss. Vi var på kino, åt på resturant og kosa oss for det meste. At det var ei utfordring for ho mor å halde stabilt blodsukker på ungane (javn tilførsel av mat) får så være. Vi får tru eg har …
Eg har hivd meg på strikking igjen! «Strikk7 naughty knitting» er eit prosjekt som har som mål å sette strikking på dagsorden. Ein liten del av dette prosjektet er ein konkurranse mellom fotballklubbane Brann og Sogndal (derav «Stao No Pao») om å strikke det lengste fotballskjerfet. Sogndalstilhengarane (inkludert meg) strikkar altså i kvitt og svart og …