klær

Travle tider

Her i heimen er det konfirmasjon i starten av mai og ein del som ein tenker skulle vore gjort før den tid. Blogging og kosesaum lyt difor stort sett vente til roligare tider. For no syr eg bunad. Bunader. Eg har sydd til snart-toåringen og til konfirmanten og sydd om ein bunad til femåringen. Trettenåringen …

Travle tider Read More »

Litt om ord i former, men mest bunadsbroderi

Den fyrste instruksjonsvideoen eg laga for Silhouette Studio handla om det å forme tekst i sirkelform. No skal eg kjapt vise deg noko som eg ikkje visste når eg laga videoen. At du kan forme teksten din rundt kva som helst form! På engelsk heiter dette Text to Path. Dette er artig om du vil legge …

Litt om ord i former, men mest bunadsbroderi Read More »

Varm puls

Eg syslar med å lage mønster til pulsvarmar og hals og i dag sydde eg nokre nye av fyrste sorten for å teste ut framgangsmåten. Herlege mjuke i finaste merinoull. Desse er fine både til tastaturbruk og utendørsaktivitetar når det er berre litt kaldt. Gode nettvenner hjelper meg med å teste ut mønsteret før eg …

Varm puls Read More »

Onion 2035

Tunika sydd i isoli med fôr av bomullsjersey i hetta (og som kant nederst). Mønster Onion 2035. Eg har sydd nokre gensarar/tunikaer og kjolar til meg sjølv, men dei blir stort sett ikkje så mykje brukt. Eg har alltid eit eller anna å utsette på dei. Enten det er passform, ein eller annan feil eg …

Onion 2035 Read More »

Uhu!

Oktober går mot slutten og Halloween skal feirast med gode venner både her og der. 9åringen bestilte kappe – med ermer og hette. Etter å ha kikka på kapper i leikebutikkane og tenkt litt fram og tilbake har eg i dag sydd ei kappe til henne her heime. Her kan du sjå korleis eg klipte …

Uhu! Read More »

Eplenikkers

Kanskje ikkje akkurat rett bruk av ordet, men det var det som falt ned i hovudet som nødvendig tittel på dette blogginnlegget. Buksa er frå eige mønster som sist, og stoffet er mønstra babycord. På denne klipte eg buksedelene 6 cm kortare på beina enn i orginalmønsteret. Oppe i livet laga eg ei linning av …

Eplenikkers Read More »

Hjertebukse

Buksemønsteret eg har delt tidlegare fungerer fint òg på stumme stoffer. Dvs. eg har brukt jersey som ribb oppe og på beina, men eg skal òg sy ei sommarbukse uten ribb og vise at det går fint òg uten dette, men med linning og strikk oppe. Tenker å prøve å notere ned mål på linninga …

Hjertebukse Read More »

Sol sol kom igjen!

Ja, i dag har sola faktisk vore framme. Kanskje var det den blomstrete solhatten som lokka den fram ;) Hatten vart til medan vetlesysta sov formiddagslur og mønsteret er litt sånn frå her og der. Seks bua trekantar på ni cm breidde, inkludert ein halv cm saumrom på alle kantar, vart til pullen. Til bremmen har …

Sol sol kom igjen! Read More »

Se min kjole

…den er rød som rosen. Ein Sukkertøykjole a la Klinke(kul)t etter mønster frå boka «Made By Me», som ein kan lese om i «alle» bloggar no om dagen. Eg har òg ein kopi av den etter at far min spanderte den på meg i bursdagsgave. Eg har ikkje eigentleg bursdag no, men det syns ikkje nokon av oss var …

Se min kjole Read More »

Vel overstått vel

Ja, overstått er både niesa sin konfirmasjon og nasjonaldagen. Bunadsskjortene og festdrakta klarde prøven, og med ein kjapp skjortevask dagen mellom festane vart det samme påkledning i begge høva. Den største skjorta var til og med heilt fin å klatre i tre med ;) Den minste jenta her er ikkje så lett å fange på bilder, men …

Vel overstått vel Read More »

La festen starte

Jammen vart eg ferdig med begge skjortene! Yngstejenta si skjorte vart ferdig medan ho sov formiddagslur i dag. Eller siste finish med elastisk kant nede sydde eg på i ettermiddag medan ho var ute og leikte med eine storesøstera. Ubetalte barnevakter skal IKKJE undervurderast! Her er skjorta på eigaren før den elastiske kanten var sydd på. Det …

La festen starte Read More »

3 dagar

Blir det ferdig til helga dette då? – Ei skjorte er ferdig – med mogeleg litt for lange ermer. Får prøve den på jenta i morgon. – Ei skjorte er fortsatt ikkje ein gang halvferdig, men heldigvis er det den minste.   – Bunaden min heng uprøvd i gangen, men eg har i alle fall tatt den ut …

3 dagar Read More »

God påske!

På syrommet mitt no ligg denne nesten ferdige heildressen i ca str. 134. Mønsteret laga eg ved å sette sammen eit mønster til jakke og eit mønster til bukse. Lommene har eg plukka frå eit tredje mønster. Eg ofra eit glidelås for å få eit tofarga glidelås (eller eg fekk jo to tofarga glidelås men…) noko som eg …

God påske! Read More »

Kai

Raud skulle buksa vere. Nett som Kai si bukse. Han Lego-Ninja-Kai du veit.  Eg fekk klar beskjed i etterkant om at Kai slett ikkje har Ninjago skrive (applikert) på sine bukser men at det var heilt greitt altså. Eg syns forresten ikkje buksa fekk så god passform (Ottobremønster) men eigaren er veldig godt fornøgd – så då så. Alle …

Kai Read More »

Sum sum

Ja symaskina den surrar og går. Tøflene eg tok opp bestilling på vart ferdige i dag når vetlesysta sov ein microdupp (ho har feber og søv urolig både natt og dag). Her er det eine paret. Det andre er i samme farge, men har navn frampå. Sidan vetlesysta ikkje var så lysten på å sove …

Sum sum Read More »

Ullvøl

Nøstebloggen har denne månaden eit tema og ein konkurranse som heiter ullvøl. Då må eg jo vise fram det eg har gjort med den eine nøstebarnbodyen vår. Denne bodyen har vore i bruk heilt frå vetlesysta var nyfødd og har no fått lange ribbekantar på ermene og eit lite skjørt nederst i staden for bodylukningen. Begge deler i …

Ullvøl Read More »