saum

Travle tider

Her i heimen er det konfirmasjon i starten av mai og ein del som ein tenker skulle vore gjort før den tid. Blogging og kosesaum lyt difor stort sett vente til roligare tider. For no syr eg bunad. Bunader. Eg har sydd til snart-toåringen og til konfirmanten og sydd om ein bunad til femåringen. Trettenåringen …

Travle tider Read More »

Kjentfolk i bladet!

Eg har vore så heldig å få vere bloggprofil i aprilnummeret av Alt om Håndarbeide – symagasinet. Har du lyst til å vere med i trekninga om å få tilsendt eit eksemplar av dette bladet? Kommenter her i bloggen på dette innlegget, på Instagram eller på Facebook så trekker eg ut ein vinnar fredag på …

Kjentfolk i bladet! Read More »

Sykveld

I går kveld (og natt vart det nesten) hadde vi sykveld i barnehagen/grendahuset vårt. Vi var ikkje så mange denne fyrste gangen, men det er veldig mange som har sagt at dei har lyst til å vere med «neste gang» så det gler eg meg alt til. Må berre få bestemt ein dato og sjekka …

Sykveld Read More »

Litt om ord i former, men mest bunadsbroderi

Den fyrste instruksjonsvideoen eg laga for Silhouette Studio handla om det å forme tekst i sirkelform. No skal eg kjapt vise deg noko som eg ikkje visste når eg laga videoen. At du kan forme teksten din rundt kva som helst form! På engelsk heiter dette Text to Path. Dette er artig om du vil legge …

Litt om ord i former, men mest bunadsbroderi Read More »

Sy tøfler?

Kulda set inn og eg vurderer å opne for å sy nokre få (2-3-4?) par med skinntøfler på bestilling. Er det noko som kan vere av interesse? Prisar frå kr 260,- (for minste størrelse i skinn). Tillegg for enkelte dekorasjonar som navnebroderi etc.     Om du klikkar på menyvalet tøffelgalleri over her kan du sjå …

Sy tøfler? Read More »

Symaskinnåler

Symaskinnåler er ofte eit tilbakevendande tema i spørsmål og diskusjonar på syforum og i sygrupper på Facebook. Dette er slett ikkje rart, for ei symaskinnål er ikkje ei symaskinnål og ferdig med det. Feil nål kan både skade maskina (!) og eit elles godt prosjekt kan bli øydelagt eller mindre bra. Mange merkar dette først …

Symaskinnåler Read More »

Maskinene mine

Her i starten av månaden fekk eg plutselig kasta litt sylyst over meg og satte meg ned med maskinparken min. Ja, for når ein har fem maskiner kan det vel kallast ein maskinpark. Ein liten presentasjon kan vere på sin plass. Først dei fire første i rekkefølga dei kom i hus. Husqvarna Daisy kjøpte eg …

Maskinene mine Read More »

UFO-jakt

Denne veka har eg rydda litt på syrommet mitt (så no ser det berre passelig rotete ut) og samtidig jakta litt på UFO-ar = UFerdige Objekt eller opprinneleg UnFinished Objects. No har eg fått sydd sålar på nokre strikkatøfler som eg bytta til meg for *mumle* år sidan, sydd nytt innertrekk på ei velbrukt pute, …

UFO-jakt Read More »

Fora pung

Om ein googlar på «lined zippered pouch tutorial» kan ein finne mengder av framgangsmåtar på korleis ein lagar slike pungar som dette. Bildene på google viser pungar i ulike størrelsar og av ulik utsjånad. Eg har funne min måte å gjere det på, ein måte som eg syns gir god form på pungen rundt endane …

Fora pung Read More »

Varm puls

Eg syslar med å lage mønster til pulsvarmar og hals og i dag sydde eg nokre nye av fyrste sorten for å teste ut framgangsmåten. Herlege mjuke i finaste merinoull. Desse er fine både til tastaturbruk og utendørsaktivitetar når det er berre litt kaldt. Gode nettvenner hjelper meg med å teste ut mønsteret før eg …

Varm puls Read More »

Onion 2035

Tunika sydd i isoli med fôr av bomullsjersey i hetta (og som kant nederst). Mønster Onion 2035. Eg har sydd nokre gensarar/tunikaer og kjolar til meg sjølv, men dei blir stort sett ikkje så mykje brukt. Eg har alltid eit eller anna å utsette på dei. Enten det er passform, ein eller annan feil eg …

Onion 2035 Read More »

Uhu!

Oktober går mot slutten og Halloween skal feirast med gode venner både her og der. 9åringen bestilte kappe – med ermer og hette. Etter å ha kikka på kapper i leikebutikkane og tenkt litt fram og tilbake har eg i dag sydd ei kappe til henne her heime. Her kan du sjå korleis eg klipte …

Uhu! Read More »

Eplenikkers

Kanskje ikkje akkurat rett bruk av ordet, men det var det som falt ned i hovudet som nødvendig tittel på dette blogginnlegget. Buksa er frå eige mønster som sist, og stoffet er mønstra babycord. På denne klipte eg buksedelene 6 cm kortare på beina enn i orginalmønsteret. Oppe i livet laga eg ei linning av …

Eplenikkers Read More »

Hjertebukse

Buksemønsteret eg har delt tidlegare fungerer fint òg på stumme stoffer. Dvs. eg har brukt jersey som ribb oppe og på beina, men eg skal òg sy ei sommarbukse uten ribb og vise at det går fint òg uten dette, men med linning og strikk oppe. Tenker å prøve å notere ned mål på linninga …

Hjertebukse Read More »

Sol sol kom igjen!

Ja, i dag har sola faktisk vore framme. Kanskje var det den blomstrete solhatten som lokka den fram ;) Hatten vart til medan vetlesysta sov formiddagslur og mønsteret er litt sånn frå her og der. Seks bua trekantar på ni cm breidde, inkludert ein halv cm saumrom på alle kantar, vart til pullen. Til bremmen har …

Sol sol kom igjen! Read More »