21 nov

Advent dag for dag

2-page-001

Eg har hatt litt tid på sofaen siste dagane, og noko av tida har eg brukt på å lage merkelappar til adventskalendarar. Dette er såkalla «Print and Cut» design tenkt printa ut på klistremerkeark og kutta til i Silhouette cameo.

Om du trur du kan ha bruk for filene (studio3-format) kan du laste dei ned frå min Dropbox her. Du står fritt til å endre alt du vil på desse, men ikkje til å selge sjølve designet.

1-page-001 2-page-001 3-page-001  4-page-001 5-page-001

Vis meg gjerne kalenderen din med lappane på dersom du velger å bruke dei!

 

10 nov

Litt sydd

Eg har ein fireåring i huset som har sett filmen Frost/Frozen sikkert «ein million» ganger. Så det var ikkje til å lure på svaret når mammaen i ein lur (eller mindre lur) augneblink spurde om jentungen ynskte seg «Elsakjole». I helga satte eg endeleg av tid til å få pønska ut korleis den skulle vere og fekk sydd den saman.

elsakjole
Eg kikka ein del på denne bloggsida før eg begynte. Eit kjekt og lærerikt prosjekt. No spørs det om minstemor må få ein kjole ho òg. Skal det bli ein miniElsakjole av stoffrestane, eller må ho kanskje få ein Anna-kjole som lillesøstera til Elsa i filmen?
Anna-Costume-Frozen
Godt ho enno ikkje har forstått at mamma fuskar med å sy klede….

Og så litt andre ting eg har sydd i det siste. Buksene under er dongeribukser etter «makalaus»-oppskrifta. Størrelsen heiter 90-100, men blir her heime brukt både av ho som brukar 86 og av ho som nærmar seg 110 i størrelse. Lang brukstid med andre ord!
retrobukse dongeribukser
Sidan det snart er vinter har eg sydd ein del huer og halsar i det siste. Halsen på bildet under er sydd i ullfrotte etter mønsteret eg selger i nettbutikken min. Eg har brukt den mønstervarianten som er bølgete her. Stjerna er reflexvinyl som eg har kutta ut med Silhouette Cameo for så å stryke på halsen. Kjekt å kunne pynte plagg med noko så praktisk som refleks! 2014-11-06 14.36.44

 

17 okt

Sy tøfler?

Kulda set inn og eg vurderer å opne for å sy nokre få (2-3-4?) par med skinntøfler på bestilling. Er det noko som kan vere av interesse? Prisar frå kr 260,- (for minste størrelse i skinn). Tillegg for enkelte dekorasjonar som navnebroderi etc. 

toefler martesko bugs

Om du klikkar på menyvalet tøffelgalleri over her kan du sjå nokre andre av tøflene eg har laga tidlegare. Ta kontakt for informasjon om tilgjengelege fargar og prisar. Første mann til mølla!

18.10.14: Fire bestillingar mottatt, og tusen takk folkens! Stengt for bestilling igjen inntil vidare :)

09 okt

Rosa oktober

Ulike kampanjer hjelper oss å hugse ekstra på dei brystkreftramma og kreftforeninga denne månaden. Eg ynskjer å støtte kreftforeninga direkte ved å gi halvparten av heile inntekta på desse varene til rosa sløyfe-aksjonen. Du kan bidra ved å kjøpe til ein pris du bestemmer sjølv så lenge det er minst halve prisen. Alt det eg får inn vert betalt inn til kreftforeninga sitt kontonummer 7001 09 88592 «rosa sløyfe» når alt er solgt og/eller månaden er omme. Du betalar halve prisen (eller utover det så langt du ynskjer), eg dekkar den eventuelle resten. 

Send meg ein mail (ohelene@ohelene.net) eller legg inn kommentar her om du vil kjøpe!2014-10-08 17.16.28

  • Strikkahue – passar til ca to år. Dobbel babyull. Kr 100,-
  • Prinsessekrune i sateng og bomull med strikk som gjer at den passar for mange eller alle hovudstørrelsar- kr 100,-
  • Skinntøfler med bilapplikasjon. Pelssåle av lammeskinn. Størrelse 3-6mnd eller til fot opp til 10,5 cm Kr 440,-
  • Dokkelue – hovuomkrets ca 24 . kr 50,-
  • Forkle i dongeri og bomull med trykknappar bak. Passar ca 18-24 mnd – kr 240,
  • Bukse i tynn bomullsribb. Passar ca 1-2 år – kr 200,-
  • Hue i bomullsjersey str 1-3 år kr 120,-
    På denne går det an å få vinyltrykk med motiv eller navn på for 40,-. 
    (Full pris i lista her)

Om du ikkje finn noko her du likar kan du jo støtte kreftforeninga direkte: https://kreftforeningen.no/rosasloyfe/stott-rosa-sloyfe/gi-en-gave-til-rosa-sloyfe/

Del gjerne!

04 okt

Makalaust langbruk

Eg likar veldig godt klede som kan brukast lenge. Dvs at det blir ribb både på ermer, beinkant og nede på gensarar på mange av plagga eg syr. Og langbruk blir resultatet. Eg skreiv i denne bloggposten for nesten eitt år sidan om buksa sydd i str. 70/80 som eg trudde vart knapp til ein eittåring. Den gangen brukt på ei på ca fem månader. Men nei, det vart den ikkje! No er jenta 16 månader og ho brukar den framleis. Det må ein kunne kalle ekte langbruk!
2013-10-01-16.16.58 2014-10-04 11.19.05
Mønsteret på denne buksa kan du finne i boka Handmade. Forløparen til buksa ligg som gratismønster til å laste ned i mønsterbutikken min (ein størrelse).

Eg syr desse buksene for salg og tar kr 200 for vanlige bomullsbukser i denne størrelsen og så oppover til rundt 390,- for ullbukser i størrelse 90/100.  Ta gjerne kontakt om du har ynskje om at eg skal sy ei bukse til deg. Eg har ein heil del ulike både kvalitetar og fargar av stoff.

29 sept

Gjenbruk av dongeri, frå bukse til hatt(ar)

Eg har vore så heldig å få nokre dongeribukser både her og derifrå. Sist frå svigerinna mi på andre sida av fjellet. Ikkje det at det er så kort tid sidan akkurat, men av og til må ting modnast litt før planar blir sette ut i livet. Dei som følger meg på Instagram (ohelenesyr) har sett desse hattane før. Hattar er ein ny erfaring for meg. Dei rundt meg her heime gir tommelen ned for stilen og meinar dette er mote for forrige århundre, om nokon gang, så då er det greitt å kunne vise fram og hente tilbakemeldingar gjennom blogg og facebook. Sjølv syns eg dei både er kjekke å sy og litt stilige å sjå på.

gjenbruk av dongeri

Her har det gått med store delar av buksebeina på ei bukse til dei to første hattane, og litt frå ulike bukser til den siste. Alle er i vaksen størrelse (frå ca 56/57 og oppover), så om det er nokon som er einige med meg i at dei er stilige og har lyst til å kjøpe dei må de berre ta kontakt!

Tøflene under har eg òg laga sidan sist blogginnlegg. Eitt i pelsskinn (sau) og eitt i rosa møbelhud men med såle av samme pels (men i raud). Det siste paret vart til berre fordi eg hadde denne bil-applikasjonen liggande frå ein eller annan gang tidlegare. Dei brune har blitt gitt bort og passa forhåpentlegvis den vetle sogningen som fekk dei.
2014-09-15 14.01.39

14 sept

Symaskinnåler

Symaskinnåler er ofte eit tilbakevendande tema i spørsmål og diskusjonar på syforum og i sygrupper på Facebook. Dette er slett ikkje rart, for ei symaskinnål er ikkje ei symaskinnål og ferdig med det. Feil nål kan både skade maskina (!) og eit elles godt prosjekt kan bli øydelagt eller mindre bra. Mange merkar dette først når dei syr i strikka stoffer som jersey og oppdagar hol rundt saumen, noko som kan skje dersom ein ikkje brukar nåler som «dyttar» trådane til side i staden for å skjære dei over. Skinnåler som er berekna til lær og tjukt skinn brukt i for tunt skinn kan gjere at heile saumen raknar. Men både hoppesting og andre rare saumar kan skuldast at nåla er begynt å bli sløv eller har fått ein skade.

Sewing-machine-needles-types-150x150 tnc5-w250-150x150 114-machine-needle-05-150x150

Nålene finst i mange tjukkelsar og med mange ulike spissar og til og med med ulik lengd og med med to, eller til og med tre nåler i ei, såkalla tvilling- og trillingnåler. Tvillingnålene kjem igjen i ulik breidde mellom nålene og i ulike typar for ulikt stoff. Det finst nåler med fjør på til frihandsquilting og det finst nåler som trer seg sjølv. Sa du at du skulle ha ei symaskinnål?

Det enklaste, eller i alle fall nokså sjølvsagde ved val av symaskinnål er å finne kva nålesystem du skal ha. Dette blir nemleg i hovudsak bestemt ut frå maskindu har. Og då snakkar eg ikkje mest merkenavnet, men om du har ei vanleg heimesymaskin, ei overlockmaskin, ei tvillingsaumsmaskin (coverstitch) eller broderimaskin.

Til vanlege symaskiner skal du ha eit system som heiter 130/705 H eller HAx1 som er ulike navn på same nålesystem. Nokre nålpakkar står det begge deler på, nokre berre ein av betegnelsane. Nokre overlockmaskiner skal ha ein annan nålesystem, den som heiter ELx705, men mange overlockmaskiner og tvillingsaumsmaskiner kan òg bruke 130/705. Mi tvillingsaumsmaskin Brother 2340CV har berre 130/705H (HAx1) 90/14 nåler anbefalt i manualen. Compulock maskina mi, som er ei kombinet overlock og coverstitch, kan òg bruke same nåler som vanlige symaskiner. Hugs at det finst ulike merker av overlock og coverstitchmaskiner, og kanskje er berre eitt av nålesystema anbefalt for di maskin! Manualen er alltid ein grei plass å starte.

universal-150x150leather-150x150 naaler-150x150

Uansett nålesystem må du i tillegg velge type nål. Dette gjer du ut frå kva du skal sy i. Typen har ofte same navn som stoffet du skal sy i, eller seier noko om saumen eller eigenskapane til den spesielle nåla. Ulike eksempel på vanlige typar nåler er «ballpoint», «universal» eller «standard», «stretch», «jersey», «denim/jeans», «leather», «sharp/microtex», eller «tvillingnål». I dei ulike pakkane med nåler er det ulikt tjukke nåler. Tjukkelsen på nålene står oftast oppgitt med både amerikansk og europeisk mål. Typisk 70/10, 80/12 eller 90/14 for standard nåler. Jeansnåler har ofte tjukkelsar opp til 100/16. Som regel vil du trenge ei tjukkare nål til tjukt stoff enn til tunnare stoff. Tjukkelsen på tråden må òg takast omsyn til. Dersom du syr med tjukk tråd må du sikre at det er god passasje i nålauga til tråden. Såkalla topstitchnåler vil typisk vere både grove og med stort nålauga, og metallic/metafil nåler er tilpassa metalltråd.

Tvillingnålene har nummer som seier noko om avstanden mellom nålene og tjukkelsen på kvar av nålene i europeisk mål. T.d. 4,0/100. Som du forstår kan du snevre inn valget av nål nokså bra berre med å sjå på navnet, og med litt øving veit du sånn ca kva tjukkelse du er ute etter til det enkelte prosjektet. Frå vanskeleg og forvirrande og tilbake til nokså greitt i grunn.

No har du altså litt styr på kva nål du skal velge til prosjektet ditt, Men kva nål står det eigentleg i maskina? Kva sydde eg sist? Eller kva type nål er det som står der i nåleputa der? Merking med neglelakk i fargekodar har eg høyrt er ein lur måte å halde nålene frå kvarandre på; i grunn burde dei kome ferdig fargekoda frå fabrikken! Eg for min del prøver å ta ut nåla frå maskina etter ferdig saum, og sette den inn med flat side fram i orginalpakken om eg berre har sydd litt med den. På den måten ser eg kva type nål det er og at den har vore brukt før. Å la ein liten stoffbit ligge att under pressarfoten kan òg gi deg eit hint til neste gang du skal sy om kva du hadde fore ved sist økt.

Kor ofte skal ein så skifte nål? Når er den utslitt? Eg har lest åtte til ti timar saum anbefalt, men eg skiftar nok nåler mykje oftare enn som så sjølv. Eg har lest tips om å stikke nåla nokre ganger gjennom ei brukt nylonstrømpebukse. Ei «flisete» nål vil trekke med seg trådar. Det hender eg sjekkar med ei nagl ned langs spissen for sjå om den har blitt skada om eg merkar maskina fuskar i saumen, eller trillar den langs bordet for å sjå om den er bøygd, men eg må innrømme at er eg i tvil så byter eg alltid nål. Og eg unnar meg som oftast ei ny nål til nye prosjekter. Eg tenker at nåla i alle fall må vere god om syinga skal gå greitt og fint.